Personvern & Datalagringsdirektivet
Random header image... Refresh for more!

Skattelistene og det filosofiske kjempehoppet

Kvar gong skattelistene vert offentleggjorde blussar den årlege debatten opp att. Media, politikarar og samvetet tvingar oss til å velgja i mellom personvern og åpenhet. Som regel føl svaret oppførselen vår; viss du ikkje er interessert i kva naboen tente er det lett å halde med personvernaspektet i spørsmålet, mens viss du har vore innom å kikka allerede så er det naturleg å forsvara nysjerrigheten din med å velgja åpenhet. Det er den vanlege dynamikken som gjeld. Søren Kirkegaard venta heilt til siste setning i Enten-Eller før han sa det som det var: ” thi kun den Sandhed, der opbygger, er Sandhed for Dig”.

No er det ikkje det eksistensielle valget mellom eit hedonistisk eller eit moralsk liv som debatterast når det gjeld skattelistene, men valget i mellom eit samfunn der finansiell identitet skal vera offentliggjordt eller ei privatsak. Det høyres ut som ein forhaldsvis enkel problemstilling, der argumenta for og imot finn vegen til fornuften vår med ulik kraft, og let oss velgja. Diverre er problemstillinga falsk. Sjølvsagt kan du vera for eller imot skattelister på internett, men det betyr ikkje at du automatisk vel side i ein debatt som set ”personvern” opp mot ”åpenhet”. Du bør faktisk kunne velgje beggje to! Men det er vanskeleg å sjå når vekta vert dratt fram og dei to vert lagt i kvar si skål.

Vekta, i denne samenhengen, er den retoriske teknikken som gjer ein kompleks problemstilling om til eit binært valg: Enten den eine, eller den andre sida må vera tyngst. Det er sjølvsagt eit ryddigare utgongspunkt, men gjer det valget lettare? For hugs at det er snakk om konsept i den større debatten. Både ”personvern” og ”åpenhet” er navn på idear me har ambisjonar om å oppnå og/eller å bevara. Dei er idealtilstandar, samla under kvar si fane, som vert reist til værs for å visa vegen kvar gong dei vert trua. Men når det likevel vert vanskeleg å velgja kva fane ein vil fylgja, byrjar ein å tvila på seg sjølv.

Denne tvilen eksisterer i oss, men den er ikkje vår. Den er eit produkt av eit filosofisk kjempehopp ifrå debatten om skattelistene til (det falske) valget i mellom personvern og åpenhet. Det er retorisk latskap som forenklar vekk ein viktig debatt. Og utfallet av eit umuligt valg er at eit utfall vert umulig.

1 comment

1 Skattelistene — geirmund { 11.24.08 at 3:17 }

[...] New post discussing the false binary choice between privacy and transparency: Skattelistene og det filosofiske kjempehoppet. [...]

Leave a Comment