Våg å vær fri!
Det er no litt over tre veker til det vert lagringsplikt av all trafikkdata frå telekommunikasjon. Etter 15.mars 2009 ender all bruk av fasttelefon, mobiltelefon, Internett og e-post i ein database i opp til 2 år.
Kva kostar fridomen?
Kanskje seier du til andre, eller tenkjer med deg sjølv, at du har ingenting å frykta sidan du ikkje har noko å skjula. På ein måte er dette lett å forstå, (spesielt) etter 9/11 og (generelt) etter at det vore so mykje fokus på terrorisme i media. At det pågår ein bytehandel mellom deg og staten, der du gjev av personopplysningane dine og får sikkerheit i retur, er ikkje vanskeleg å forstå. Du er kanskje av dei heldige som har teke del i det mirakelet som det må vera å setja born til verda.
Men spør du deg sjølv nokon gong om kor god denne handelen er?
Staten er halvt republikanar
Det er ikkje før i femte og siste akt av Brand at presten til Henrik Ibsen vert sett på plass. Etter å ha manipulert heile bygda i mange år, vert Brand fullstendig utmanøvrert av Provsten i denne samtalen. Han leikar nesten med helten i diktet. Men for å få Brand til å forstå korleis ein embetsmann bør oppføre seg, spesielt no når kyrkja hans er på plass og han er i ferd med å få mykje makt, må Provsten syna Brand (og lesaren) kva staten eigentleg er:
Se, staten er, hvad knapt De aner,
nøjagtigt halv republikaner;
den hader frihed som en sot,
men ynder lighed såre godt;
[Brand av Henrik Ibsen (1866)]
Ein ting veit du med deg sjølv: du bur i verdas beste land. Det fortel FN deg årleg mens media repeterer mantraet ad nauseam. Det er sjølvsagt mykje rett i dette, men tru ikkje at den sosialdemokratiske modellen me har i landet er usårbar. Husk at makt består av kunnskap, rikdom og historisk arv. Makt bryr seg ikkje om nasjonale grenser. Gløym den trua du har at den norske stat er immun mot misbruk, og saumfar den ofte. Du har kanskje ikkje ansvar for born enno, men farskap fekk du med fødselen. Du og eg eig like stor andel i landet og plikta vår til å ta vare på det finn du i ordet ‘patriot’.
Men spør du deg sjølv nokon gong kvar grensa går?
Du må ikke sove.
I fjor sommar publiserte The Future Group ein rapport som heiter Freedom, Security, Privacy. Den gjev eit inntrykk av kva retning EU kjem til å ta når det gjeld ’sikkerheit’ dei neste åra. I følje rapporten er “utvida bruk av telefonavlytting og overvakningskamera” ein prioritet. EU er i ferd med å bli den mest overvaka plassen i verda.
Jeg skjønte det ikke. Nu er det for sent.
Min dom er rettferdig. Min straff er fortjent.
Jeg trodde på fremgang, jeg trodde på fred,
på arbeid, på samhold, på kjærlighet!
[Du må ikke sove av Arnulf Øverland (1937)]
Born har me alle vore og dei av oss som var heldige nok til å ha ein far eller ei mor som avslutta dagen med eit eventyr på sengekanten, veit at det å ropa på ulv kan ha konsekvensar.
Men spør du deg sjølv nokon gong kvar fridomen vår kom ifrå?
Våg å vær fri!
Den søramerikanske fridomskjemparen Simón Bolívar sa i si tid at “Me har meir å frykta av britisk gjeld enn spanske sverd”. Profetien haldt. To århundrer etter betaler mange land i regionen enno ned gjeld til den vestlege verda. Du er kanskje ein av dei i dag som har byrja å kjenna den finansielle vekta av dei gode tidene og kan forstå dette utsagnet. Men kva kan du gjera? Den fyrste paragrafen i Janteloven fortel deg at du skal ikke tro at du er noe. Der tek du feil.
Å påkalla Øverland sitt kjente dikt er kanskje å ta litt hardt i. Trusselen mot personvernet kan ikkje samanliknast med ein tysk invasjon, men i vår teknologiske tid vert dette ein lang og hard kamp som kjem til å ha stor betydning for deg og dine. Datalagringsdirektivet er såleis vår tids Blücher. Set pris på kampen og våg å vær fri!
2 comments
*signerer*
Det er bare tre uker til privatlivet vårt er historie, og alt du presterer å komme med er høytsvevende litteratursitater? Patetisk.
Det finnes en tid for prat, og det finnes en tid for handling. Gjett hvilken tid dette er.
Leave a Comment