Personvern & Datalagringsdirektivet
Random header image... Refresh for more!

Facebook lynsjemobb?

Tante X. sendte meg ein epost på fredag og spurde om “lovligheten” til ei gruppe på facebook som vil ha ein person kasta ut av det sosiale nettverket. Gruppa er “imot pedofili på nettet” og tek for seg ein navngjeven person som “utgir seg for å være modellfotograf for å lokke unge jenter rett inn i overgrepsforsøk”.

Tante X. vil bli medlem sidan ho er mor til ei ung jente som brukar mykje tid på Internett og spesielt på facebook. Eg er ingen ekspert, men sidan eg har skrive ein del om personvern det siste året tok ho kontakt med meg.

Eg svara tante X. at det nok ikkje er noko ulovleg med gruppa, men at ein må tenkja seg om før ein hiv seg på ein slik kampanje. Parallellen eg gave med “lynsjemobbar” var kanskje noko sterk, men det kan ein med rette kalla ei kvar gruppe som utnevner seg sjølv til både dommar og jury. Spørsmålet ein må spørja seg sjølv er: vil ein ha eit samfunn der politiet tek vare på tryggheiten vår eller skal ein gjera det sjølv?

Kva følgjene vert av gruppa på facebook er usikkert, men det er tilsvarande eksempel rundt om i verda. Det mest kjende er nok ifrå storbritannia der søndagsavisa News of the World førte ein kampanje som publiserte både navn og bilder av dømte pedofile. Resultatet var fyrst og fremst valdelege angrep på enkeltpersonar som likna bildene i avisa, og vandalisme av husa deira.

Sidan fredag har antall medlemmar dobla og er idag 11,500 (like mange som har skrive under “Nei til EUs datalagringsdirektiv” på eit år!)

Del og send vidare
  • Digg
  • del.icio.us
  • Facebook
  • Google Bookmarks
  • StumbleUpon
  • Technorati
  • TwitThis
  • email
  • Identi.ca
  • LinkedIn

1 comment

1 Remco { 02.16.09 at 12:37 }

We’ve got similar initiatives in The Netherlands, with as a most recent add-on a website that publishes pictures of pedophiles as a warning for people that live close to them.

Obviously this website is hosted (and run by) someone in the USA, to avoid the laws we have against sites like these in The Netherlands.

Not surprisingly most people seem to be in favour of these sort of projects, I mean – how could you possibly *not* be against something that involves pedophiles (a flawed logic that closely resembles the old “if you’re not with us, you’re against us” strategy), and they seem to have a total lack of responsibility as far as unexpected outcome is concerned – such as innocent people being placed on the site, people who have served their time being crucified).

On a somewhat ironic sidenote: the spokesperson of the site I’m referring to was convicted in the past for falsely accusing someone and had to place a rectification.

Leave a Comment