Norsk presse gløymde Norge i “Verdens største dataspionasje”
Det kan være at det gav meg ein fordel å lesa om dataspionasjen i papirutgava av New York Times i dag morges. Kartet med landa som var offer for GhostNet viste og at Norge var eit av dei:
Aftenbladet som var fyrst til å rapportere saken var og fyrst til å gå glipp av denne “detaljen”. Det var den rumenske ambassaden i Norge som vart angripe av GhostNet.
Heimesida til Infowar Monitor, som har skrive rapporten om dataspionasjen og som plasserer mesteparten av skylda i Kina, er ikkje tilgjengeleg. Ein treng lite kynisme for å konkludere at dette er sannsynlegvis på grunn av eit “infowar” angrep som f.eks Tjenestenektangrep (Denial of Service). Du kan laste ned rapporten her (pfd).

0 comments
Kick things off by filling out the form below.
Leave a Comment