Regjeringen må ta stilling nå – sei nei til datalagringsdirektivet!
[Ein del av Liberaleren.no sin bloggstafett for personvernet]
Ei rekkje bloggarar og andre som er oppteken av personvernet sender ei klar melding til regjeringa om at den må ta stilling og sei nei til EUs Datalagringsdirektiv. Personvern er ein grunnleggjande verdi i eit demokrati.
Personvernet innebærer en rett til å være i fred frå andre, men også ein rett til å ha kontroll over opplysningar om seg sjølv, særleg opplysningar som oppleves som personlege. Etter EMK artikkel 8 er personvern ansett som ein menneskerett.
Med ei mogeleg norsk implementering av Datalagringsdirektivet (direktiv 2006/24/EF), som pålegg tele- og nettselskap å lagre trafikkdata om borgeres elektroniske kommunikasjon (e-post, sms, telefon, internett) i inntil to år, vil nordmenns personvern verta krenka på det grovaste.
Datalagringsdirektivet blei vedteken av EU 15.mars 2006, men framleis har den norske regjeringa ikkje offisielt teke stilling til om direktivet skal gjerast til norsk lov eller ei. Gjennom EØS-avtalen har Noreg ein reservasjonsrett. Denne har aldri før vorte brukt, men så har ein heller aldri stått ovanfor eit direktiv som representerer ein så stor trussel mot demokratiets grunnleggjande verdier som det datalagringsdirektivet gjer.
Me krever at samtlige politiske partier – og ikkje minst regjeringa – seier ifra om dei vil gjere datalagringsdirektivet til norsk lov eller ei. Å ikkje ta stilling, slik som de fleste politiske partiene på Stortinget (med unntak av Venstre og SV) har gjort i over tre år, er det samme som stilltiande aksept.
Regjeringen må ta stilling nå – si nei til datalagringsdirektivet!
0 comments
Kick things off by filling out the form below.
Leave a Comment