Om dugnad
Det heiter seg at Noreg vart bygd på dugnad og dei fleste av oss har nok vore med å teke eit tak ein eller annan gong for å gje av oss sjølve. Det kan vera heime der du vaks opp, på skulen eller barnehagen til ungane dine, eller eit uendeleg hav av andre plassar. Dugnad har ikkje grenser andre enn dei laga av oss.
Som du kanskje huskar vart ordet “dugnad” kåra til Noregs nasjonalord i 2004. Dette seier mykje om folkesjela i landet. Det er noko spesielt humant med å komma ilag for å hjelpa kvarandre utan anna enn sosial status som betaling. For individet er mange av retningslinjene i det moderne samfunnet enten ei plikt eller ein rett – dugnad er ingen av delene. Dugnad har med samhald å gjera, det er ein aktivitet som fortel oss kven me er.

Korleis dugnad.eu virkar
Kva er dugnad.eu?
Dugnad.eu er ein dugnadsplass! So enkelt er det. Ambisjonen til dugnad.eu er å auka kunnskapen rundt ulike tema, for å skapa meir informerte debattar, og for betra den kollektiva stemma vår. Dugnad.eu har som mål:
- å byggje opp eit nettverk for å stå samla rundt eit tema;
- å kombinere moderne og tradisjonelle verkemiddel for å nå folk;
- å halde internettbaserte folkemøter som informerer, underheld og skapar samhald.
Kvifor er dugnad.eu?
- Dugnad.eu er inspirert av Heraklit (ca. 535–475 BC) som hevda at det viktigaste naturlege prinsippet er at alt er i evig forandring (panta réi);
- Dugnad.eu er motivert av den amerikanske journalisten Jeff Jarvis (1954-) som hevdar at det er for mykje repetisjon, og for lite læring, i den gamle mediamodellen, mens den nye modellen vert bygd på samarbeid, open distribusjon og betre organisering;
- Dugnad.eu er resignert til det faktum at ein kan ikkje gjera alt sjølv.
Kven er dugnad.eu?
Dugnad.eu er oss. Det er du og eg. Så viss du har forslag som kan betra initiativet eller har tid til å skriva eit innlegg som omhandlar den dugnaden som føregår so hadde det vore flott. Ta kontakt på hugnad@dugnad.eu.
Men kven er du?
Eg heiter geirmund og vaks opp på Bømlo i Hordaland. Eg har budd i London sidan 1995 då eg flytta for å studera.

Blåskjellvask i april.
Og, til slutt….eu?
Domene må nok nemnast og det er to grunnar for valget. Den fyrste er kravet om mva registrering for å kunna bruka .no. Den andre grunnen er at Noreg er fortsatt i Europa sjølv om EU og EU-media har gløymt oss.