Personvern & Datalagringsdirektivet
Random header image... Refresh for more!

Dette er Datalagringsdirektivet

Datalagringsdirektivet forklart med lyd og bilder av Datatilsynet.

December 2, 2009   No Comments

Skattelistene og det filosofiske kjempehoppet

Kvar gong skattelistene vert offentleggjorde blussar den årlege debatten opp att. Media, politikarar og samvetet tvingar oss til å velgja i mellom personvern og åpenhet. Som regel føl svaret oppførselen vår; viss du ikkje er interessert i kva naboen tente er det lett å halde med personvernaspektet i spørsmålet, mens viss du har vore innom å kikka allerede så er det naturleg å forsvara nysjerrigheten din med å velgja åpenhet. Det er den vanlege dynamikken som gjeld. Søren Kirkegaard venta heilt til siste setning i Enten-Eller før han sa det som det var: ” thi kun den Sandhed, der opbygger, er Sandhed for Dig”. [Read more →]

October 21, 2009   1 Comment

Politisk handleliste for personvernet

Når det gjelder innføring av Datalagringsdirektivet og utvikling av registre for lagring av personlig kommunikasjonsdata, er det nesten betryggende at dette er så komplisert at det ikke kommer til å virke. Men bare nesten, for desverre er faren stor for at systemet likevel blir tatt i bruk.

Da det ikke er politisk vilje til å gå imot direktivet i Norge, er det særdeles viktig at vilkårene rundt det tar vare på individet som må akseptere det uten å ha deltatt i debatten. Datalagringsdirektivet er en handel i EU-rommet som er basert på forsikringsprinsippet – vi betaler en liten premie for større sikkerhet. I trafikken (bil), som i hjemmet (hus), er forsikringen betalt (ut og inn) med kroner og øre. Mens Datalagringsdirektivet er en forsikringspolicy som ber oss gi litt av våre private liv for felles sikkerhet i retur.

Begge typer forsikring er av økonomisk natur; en lover å ta vare på våre finanser, den andre lover å ta vare på våre liv (samfunn). [Read more →]

October 10, 2009   1 Comment

Mobilisering av Personvernet

Personvernet (PV) er ei forsvarsgrein i den norske dugnadsånda som fungerer som ein hurtigmobiliseringsstyrke. Personvernet blei oppretta 8. oktober 2009 etter Soria Moria II, der Arbeiderpartiet erklærer at dei vil implementere Datalagringsdirektivet (EU Direktiv 2006/24). Styrken vart oppretta etter modell frå Heimevernet, med eit stort antall patriotar spredt over heile landet. Våpen og ammunisjon vert oppbevara på “personen” i form av computer og kreativitet. [Read more →]

October 8, 2009   2 Comments

Regjeringen må ta stilling nå – sei nei til datalagringsdirektivet!

[Ein del av Liberaleren.no sin bloggstafett for personvernet]

Ei rekkje bloggarar og andre som er oppteken av personvernet sender ei klar melding til regjeringa om at den må ta stilling og sei nei til EUs Datalagringsdirektiv. Personvern er ein grunnleggjande verdi i eit demokrati.

Personvernet innebærer en rett til å være i fred frå andre, men også ein rett til å ha kontroll over opplysningar om seg sjølv, særleg opplysningar som oppleves som personlege. Etter EMK artikkel 8 er personvern ansett som ein menneskerett.

Med ei mogeleg norsk implementering av Datalagringsdirektivet (direktiv 2006/24/EF), som pålegg tele- og nettselskap å lagre trafikkdata om borgeres elektroniske kommunikasjon (e-post, sms, telefon, internett) i inntil to år, vil nordmenns personvern verta krenka på det grovaste.

Datalagringsdirektivet blei vedteken av EU 15.mars 2006, men framleis har den norske regjeringa ikkje offisielt teke stilling til om direktivet skal gjerast til norsk lov eller ei. Gjennom EØS-avtalen har Noreg ein reservasjonsrett. Denne har aldri før vorte brukt, men så har ein heller aldri stått ovanfor eit direktiv som representerer ein så stor trussel mot demokratiets grunnleggjande verdier som det datalagringsdirektivet gjer.

Me krever at samtlige politiske partier – og ikkje minst regjeringa – seier ifra om dei vil gjere datalagringsdirektivet til norsk lov eller ei. Å ikkje ta stilling, slik som de fleste politiske partiene på Stortinget (med unntak av Venstre og SV) har gjort i over tre år, er det samme som stilltiande aksept.

Regjeringen må ta stilling nå – si nei til datalagringsdirektivet!

September 27, 2009   No Comments

Før våren…Kva har du gjordt?

I fjor hadde Liberaleren ein flott artikkelserie kalla Før høsten. Den bestod av korte “intervju med personer som forhåpentligvis kan si noe fornuftig selv i sommervarmen.”

Liberaleren

Eit av spørsmåla var: “Hva har du gjort for å medvirke til at datalagringsdirektivet ikke blir en del av norsk lov?”. Du finn svara til dei som vart intervjua av Liberaleren her.

Din tur

Visst du vil kan du no svare på same spørsmålet nedanfor. Merk av så mange svar som du treng. Takk for hjelpa!

[poll=3]

February 26, 2009   1 Comment

Våg å vær fri!

Det er no litt over tre veker til det vert lagringsplikt av all trafikkdata frå telekommunikasjon. Etter 15.mars 2009 ender all bruk av fasttelefon, mobiltelefon, Internett og e-post i ein database i opp til 2 år. [Read more →]

February 18, 2009   2 Comments

Datalagringsdirektivet i Tyskland

Den tyske organisasjonen Stoppt die Vorratsdatenspeicherung! er forsatt optimistisk, sjølv om EU har avslått Irlands klage på nytt overvåkningsdirektiv. [Read more →]

February 17, 2009   No Comments

Kva seier Politikken om Datalagringsdirektivet?

[Oppdatert post - Original 11 NOVEMBER 2008 ]

Forige gong lovte eg å skriva litt om kva som blir sagt i den politiske dimensjonen av Datalagringsdirektivet. Eg er redd det er lite å skrive om. Direktivet er nevnt 24 gonger sidan 2006 på regjeringen.no. Men for at du skal sleppa å gå gjennom dokumenta har eg oppsummert dei viktigaste utsagna nedanfor. Det som kjem til syne er at dei forventa aktørane i debatten oppfører seg som forventa. Datatilsynet (som personvernbeskyttar) advarer gong på gong mot direktivet; Utenriksdepartementet (som statsbeskyttar) forsvarer direktivet; og alle andre gøymer seg bak muligheten at direktivet ikkje vert innlemma i EØS-avtalen. [Read more →]

January 30, 2009   No Comments

Personvern – Ein mikrohistorie

Personvern – Ein mikrohistorie har som mål å forklara den historiske utviklinga av personvern i Noreg med ”tweetar”. Det begrensar kvar del til 140 teikn, inkludert ei lenkje som kan føljast for meir informasjon. Hovudgrunnlaget for mikrohistoria er Kjartan Soltvedt sin essay “Folkeregistre og personnummersystemer i Norge fra 1905 til 2001“. [Read more →]

December 22, 2008   No Comments